Sture Husabø sitt legat
Beskrivelse
Midlar til allmennyttige føremål.
Stiftinga er oppretta til minne om Sture Husabø og hans foreldre, Ingvald Husabø, (f.1896 -d.1963) og Fredrikke Tuxen Husabø, (f. 1895 – d.1983), sysken Arne Husabø og Kitty Thomassen (f. Husabø.)
Det skal kvart år delast ut midlar til allmennyttige føremål. Avkasting av fondet skal delast ut til lag og organisasjonar i Leikanger, Balestrand og Vik og støtte aktivitetar som er opne for ålmenta. Det kan også delast ut midlar til enkeltpersonar og organisasjonar som har gjort noko godt for gamle, uføre eller sjuke, eller til personar som har utført ein heltedåd.
Det skal ikkje delast ut midlar til politiske parti, politiske organisasjonar eller til politiske føremål.
Stiftinga er registrert hjå Stiftelsestilsynet, org.nr 919214732. Styret er samansett av Jon Håkon Odd (Leikanger), Bjørn Moheim (Vik) og Erland Fagermoen (Balestrand).
Advokat Arvid Mellingen er forretningsførar for stiftinga.
Stiftinga lyser ut tildeling av midlar kvart år. I 2019 er det bestemt å dele ut inntil kr 250 000. Søknadsfrist er 19. mai.
Det skal brukast søknadsskjema som du kan laste ned her.
Søknaden skal sendast til post@advokat-tollefsen.no eller
Advokatfirmaet Tollefsen AS, Pb. 25, 6851 Sogndal